mandag 2. januar 2012

Sesongstart onsdag 4.januar

No er ventetida over! Hobbytreningar og andre "sløvøkter" blir erstatta med oppkøyringstreningar for 2012, hehe !! :)

Ein nettlaus Ivar melder i Fjesboka om første trening onsdag 4. januar kl 1715 i NH.

Spelarmøte før jul vitna om ein gira spelartropp, der dei aller fleste frå i fjor held fram, og trenarparet Ivar og Lars klør etter å kome i gang. Jan Egil kjem tilbake frå Vågen, og endå fleire er muligens på veg tilbake til HaNo. Vi gler oss til både onsdag og resten av sesongen!!

Ingen kommentarer: