torsdag 26. januar 2012

18 lag påmeldt 6.divisjon

www.hanoherre.blogspot.com føler seg rimeleg trygg på at Håkon og HaNo får eit gjensyn med Giske i årets serie. Her frå serieoppgjeret på Nordøy stadion i 2010.

Det vil seie 9 lag i kvar avdeling, og 16 seriekampar i årets sesong. Med dei påmeldingane som er no, synest avdelingsoppsetta ganske så klare, spør du meg. Her blir garantert geografi avgjerande, og då trur hano-bloggen at avdelinga vår ser slik ut i 2012:

Aspøy
Ellingsøy
Giske
HaNo
Harøy
Langevåg2
Lepsøy
Vigra
Ravn

Det vil seie at Søre Luten-avdelinga ser slik ut:
Flø
Haddal
Hareid2
Larsnes/Gursken2
Moldtustranda
Sunnylven
Sæbø
Tjørvåg
Åmdal

Kva så med opprykk? Har ikkje fått med meg at dette er bestemt pr dato.
Det blir spennande å sjå. Blir det kun avdelingsvinnar opp, eller kan toarane spele playoff? Det er berre 10 lag i 5. divisjon, og då spørs det om heile tre går ned derifrå.

Ingen kommentarer: