mandag 5. september 2011

Stordal bøttar inn

HaNo blir likevel ikkje ståande i Stordal sine historiebøker som det laget dei har slått med mest mål. Norborg2 blei slått 19-2 i Uggedalen måndag kveld. Sjølv om Norborg har mange vekke om dagen, er dette litt av eit tal. Sindre Holtleite mestskårande med sju nettsusarar. Det er framleis opent kven av Ørskog, Stordal og Skodje som vinn avdelinga og kjem til playoff. Men: Merk at Skodje har fem heimekampar att, og kun Ravn igjen borte.

Som Lars skriv i referatet, byksa vi opp på 6. plass med sigeren over LIL. Vi har rett nok både ein og to kampar meir spelt enn tabellnaboane våre. No ventar Harøy (borte) og Ellingsøy (heime) på gras, før vi avsluttar med tre bortekampar på plastgras (Ravn, Skodje, Emblem).

Ingen kommentarer: