torsdag 22. september 2011

Skodje nærmare playoff

Og det utan å ha spelt torsdag kveld. Det gjorde derimot deira argaste og nærmaste rivalar. Ørskog-Stordal enda 4-6, etter eit dramatisk oppgjer, sjekk stordal.nu

Det vil seie at Skodje har eitt poengs leiing til Stordal, men Skodje har fire kampar att mot Stordal sine tre. Ørskog er i realiteten hekta av. Skodje har kun heimekampar att, og møter Emblem, HaNo og andrelaga til BIL og Norborg. Ser med andre ord ikkje så verst ut for gultrøyene...

Thomas Årsund skåra tre for BIL2 i 4-2 heimesigeren over Lepsøy i kveld.

PS! I tabellen for 5. div avd 3 står det ei melding frå SFK om at Ellingsøy er trekt to poeng grunna bruk av ikkje berettiga spelar. Ei tidlegare omtala sak på både norborg.com og Skodje-bloggen.

Ingen kommentarer: