mandag 15. august 2011

Trenaravklaring

Som det blei sagt på trening, har Ivar Fjørtoft sagt seg villig til å hjelpe til i trenarteamet i lag med Lars. Ei kjempeløysing som spelarane verka meget happy med. Ivar skal berre trimme låra oppå to hjul med sekk på ryggen først. Når Birken er over kjem også Lars heim, og i halvannan veke før det er det Odd Einar og Per Kristian som leiar laget.

Vi må diskutere på kampen onsdag korleis vi gjer det med treningar før neste kamp igjen. Det er herrespelarar sett opp på båtvask alle dagar utanom torsdag, så eg føreslår at vi tar ei eigentrening i løpet av helga, samt trening på måndag og evt onsdag før heimekampen mot Ørskog neste torsdag.

Ingen kommentarer: