Tidlegare forrige veke offentleggjorde Sunnmøre fotballkrets reglane for opp- og nedrykk i forhold til neste års 5. og 6. divisjon. stordal.nu laga sak på dette, og med resultata i kveld, ser det ut som at forhåndsfavoritt Emblem må spele i 6. divisjon 2012.
Det aller meste tyder nemlig på at 4. plass i vår avdeling ikkje held til å spele i neste års 5. divisjon. Det vil i praksis seie at tettrioen Ørskog, Skodje og Stordal kjempar om å vinne avdelinga, og dermed spele playoff til 4. divisjon neste år. Lag nr 2 og 3 spelar garantert 5. divisjon neste år, medan dei som er nummer 4 og nedover, blir å finne i neste års 6. divisjon.
Resultat måndag kveld:
Skodje-Lepsøy 12-0
Emblem-Stordal 3-3
Ørskog-Norborg2 10-4 (Henrik slapp inn 6 mål, Furnes 4 mål då han stod i mål i andre omgang)
Lepsøy møtte med 10 mann, fekk ein 11. litt uti første omgang, men spelte atter med 10 mann utover i andre omgang. Skodje sin Eivind Erstad befesta sin toppskårarstatus i avdelinga med nye fire nettkjenningar.
Stordal leia på Ebbemyra, men igjen kom Emblem tilbake mot slutten. Ørskog har skåra 17 mål på sine to siste kampar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar