onsdag 1. juni 2011

HaNo spelefri

HaNo-Harøy stod opphaveleg oppført 2. juni, men den er altså flytta til torsdag 7. juli, to dagar før Øyacup på Nordøy stadion. Når det gjeld Øyacup, så er følgande lag klare på herresida: Harøy, Fjørtoft, HaNo, Lepsøy og Norborg. Brattvåg IL kan ikkje stille, og vi ventar svar frå eit 6. lag as we speak.

Serierunden elles i 5. div avd. 3 starta i går, med Norborg2-siger over Lepsøy. Det enda 4-1, med Cato som siste målskårar. Resten av kampane denne runden er slik, med utfallet i parantes.

Brattvåg2-Stordal (U)
Emblem-Ellingsøy (H)
Skodje-Ravn (H)

Ravn har begynt å få tilbake spelarar frå skule og skade, og blir sterkare utover våren. Dersom Skodje slappar av litt, og det gjer dei med ganske så jamne mellomrom, kan det bli jamt i lokaloppgejret. Emblem har underprestert, og kanskje har Ellingsøy gjort det motsette til no, så den endar H. BIL2 overraskar mot Stordal, og den blir jamn.

Ingen kommentarer: