fredag 12. november 2010

Uavklarte trenarsituasjonar

På trenarfronten veit vi lite nytt. Med øyalaga rundt oss er det etter det eg kjenner til ikkje avklara kven som er hovudtrenar for laga. Odd Einar gir seg i HaNo, rykta seier at Erlend Fjørtoft gjer det same i Ravn. Ivar Kjell går ikkje på ein ny sesong i Lepsøy, heiter det frå naboøya i sør. På Harøya veit ein ikkje om Jan Vatnehol held fram med pendlinga dit ut for å trene dei mørkeblå ein sesong til.

Andre naboklubbar: Ivar Roald gir seg i Norborg, ein etterfølgar kjem snart på plass om ein skal tru norborg.com. I Brattvåg IL, som blir omtala i dagens Haramsnytt for lønsutbetalingar til spelarar, jobbar for å behalde Oddmund Otterlei i den nye 3. divisjonen. Frank Dalhaug blir ikkje assistenttrenar i 2011.

Umogleg å seie kva avdelingsoppsett det blir for 5. divisjon neste år. Men dersom Stordal blir motstandar, blir dei sterke. Dei hadde ei meget god sesongavslutning i 2010, og klubben har signert ny toårskontrakt med trenar Stig Johansen. I tillegg ser det ut til at stallen blir styrka.

Ingen kommentarer: