søndag 14. november 2010

Tre tap med blaut ball

HaNo har ikkje tradisjon for å gjere det spesielt godt i innandørs-KM i fotball. Det er ikkje alle år vi stiller lag heller, men i år var interessa der for å ta seg ein laurdag med fotball. Det blei tre tap mot gode Futsal-spelarar frå SIF, Vigra og Stordal. Vi var likevel nøgd med dagen langs den vakre fjorden nord att laurdags ettermiddag.

Når det gjeld Futsal-reglar og slikt, så fann ikkje underteikna særleg mange fordelane med det. Ulempene derimot, kan vi ramse opp: Få mål, folk drebbar i ballen til ei stadigheit, tempoet går ned og publikum må sjå kjedeligare fotball. Fordelar kan vere meir spel langs bakken, forskjellane mellom gode og dårlege lag blir mindre og Vegard er ein tilhengjar.

Trenarar og spelarar frå andre lag eg snakka med undrar seg over om SFK har sendt ut ei evaluering på dette med Futsal eller ikkje. Vil ein ha dette, eller vil vi tilbake til 5-ball, 7-armål og meir attraktiv fotball som liknar litt meir på det vi held på med ute resten av året.

Fleire som er innom denne bloggen frå både vårt og andre sitt lag, så eg har lagt ut ein poll om dette, så kan vi sjå litt kor det ligg an :)

2 kommentarer:

jan egil sa...

sakna et alternativ på pollen. Ka me å behalde handballmåla, men skifte til større ball å drite i dei andre teite reglane? Bli fort mykje skyting å lite spel med 7ar mål.

Odd Einar sa...

Då he ej endra på alternativa, Ull. Blei litt interessant å skrive det ned kortfatta berre :) Då må folk stemme på nytt sida eg måtte slette den første pollen.