torsdag 17. september 2009

Toarlaga ein vits

Det er ikkje min påstand, men ei utsegn på Ellingsøy IL sine heimesider. Og kanskje har dei eit aldri så lite poeng? BIL2 kom med 11 mann, inkludert ein utespelar i mål. Ein spekulerer i om ikkje gute- eller juniorlaget til Brattvåg kunne avsett ein mann eller to til oppgjeret. På ei anna side veit vi at når hausten går mot slutten, så har BIL1 i 3. divisjon, juniorlaget og gutelaget til BIL sine eigne kampar- mange i talet- om dagen. BIL har også eit Old-Boys lag, med rutinerte, gode fotballspelarar som f eks spelar kampar mot HaNo. Men trur ikkje dei tok turen til Ellingsøya;)

Noko ein kan konkludere med er i alle fall at oppsettet for vår del, der vi møter begge toarlaga heilt i starten av både vår- og haustsemesteret ikkje er mykje rettferdig. Både BIL2 og Go2/Vi2 har langt betre føresetnader å stille eit godt lag i starten av ein vår og haust, enn mot slutten.

3 kommentarer:

jan egil sa...

å blandt dei 11 so va d folk so ikkje hadde spelt 11 er fotball på 6 år........

Odd Einar sa...

...har også lagt til ei tilleggsopplysning i eine avsnittet: Old Boys-laget spelte kamp tysdag eller onsdag. Berre å sjå deltakarlista der også...

Per Jarle sa...

Forsåvidt enig i konklusjonen og det som blir skrevet, men øss må berre innsjå at øss spelar i den LAVASTE divisjonen i systemet på sunnmøre. Dvs at øss kanskje berre må godta dei laga som berre gjer det for at det e kjekt å spele fotball når det passa. Klare dei å stille minst 11 mann til først avtalt tid og dei klare å fullføre sesongen så må øss berre leve med ujamnt nivå i den lavaste divisjonen... 2-3 lag skil seg ut og høyre kanskje ikkje heime i denne divisjonen, ellers er nivået ujamnt... Kanskje e det HaNo (Lepsøy) som stiller 2-er lag om noen år..... Ser allerede problemstillingen... Går kampen på Longva eller Lepsøy.....!!