fredag 4. mai 2012

Bortekamp måndag

Harøy stadion ventar måndag. Mørkeblåe HIL møter kvite HaNo-spelarar til toppkamp, dersom det heiter det etter tre rundar.  Dommar er Bjarte Steinsbu, og ei tropp blir vel offentleggjort i morgon på trening. Eg treng å vite følgjande med deg i morgon: Det er nokre alternativ med reising:

Til kamp reiser vi frå øya med hurtigbåt kl 1700 frå Austnes, Harøya kl 1725. (Kan ta frå Ålesund kl 1610 den same båten, Hamnsundet kl 1630)

Kampstart kl 18.30.

Retur blir med båt ca kl 2045 frå Harøya. Den kan også gå innom Brattvåg dersom det er ønskeleg. Då må i så fall dei bilreisande kome kl 1610 frå Brattvåg, som er kl 1700 på Harøya.

Så mitt spørsmål er: Korleis skal du reise? (Treng å vite det i forhold til antallet på båt osv) 

Ingen kommentarer: