tirsdag 10. april 2012

Emblem siste test

HaNo møter Emblem i generalprøva på torsdag. Kun 4 dagar før seriestarten på Vatneeidet.

Emblem er gode kjenningar av HaNo siste åra. Emblem spelar i 5. divisjon, etter at dei overlevde frå vår avdeling i fjor. 2-0 sigeren i fjor vår var eit godt minne, i siste serierunde enda det 4-2 til heimelaget i ein betydningslaus kamp for begge lag.

I år gjer bohemane eit nytt forsøk på å kome seg til 4. divisjon, og har henta inn Sindre Knutsen som trenar. Dei har spelt to treningskampar no i påska, der heimesida outzide.com melder om 1-4 tap mot det sterke 4. divisjonslaget Spjelkavik, og 7-3 seier over 5. divisjonslaget Ørland frå Trøndelag. Dei køyrer på med ny treningskamp mot SIF reserve/junior i kveld før HaNo-kampen på torsdag.

Preben (biletet) og HaNo reiser til Emblem med Ravn-kampen måndag og seriestart i sikte. Trenar Lars har ytra på fjesboka at han gler seg. Det gjer jammen vi andre også!

1 kommentar:

Anonym sa...

Emblem slo et sterkt SIF-lag 8-2 på bortebane i kveld :) Blir slitne bein som møter dere torsdag, men erfaringa fra i fjor tilsier at det blir en tøff og jevn kamp torsdag også!

Alle hjerter gleder seg!