onsdag 15. februar 2012

Trening og kamp denne veka

Ny trening ikveld kl 1730 i NH. Evt avbud kan sendast til Lars (95861787). Fredag trenar vi som vanleg kl 1830, før vi reiser til Sula og kamp mot MSIL på søndag. Avreise frå øya kl 1230. Kampstart 1500.

MSIL har hittil spelt en treningskamp der dei slo Emblem 6-0 på bortebane. Så her får vi brynt oss mot god motstand av eit MSIL som har forsterka med fleire nye fjes sidan ifjor. Ein av dei nye, Christoffer Holen, skåra 3 mål mot Emblem og er ein vi må være på vakt for på søndag. Vi må klare oss utan Per Jarle, Olve og Robin skal på reise, medan Alf Kåre er usikker pga ein overtråkk. Ellers håper vi at alle mann er klare og gler seg til årets første kamp utandørs i 2012.

Ingen kommentarer: