torsdag 7. juli 2011

- Eit uverkeleg tap

Då har vi fått to treningar etter Emblem-sigeren, og er klar for kamp mot dei mørkeblå frå Romsdalen. Siste kamp i ein variabel vårsesong for vår del. Nøyaktig det same kan seiast om Harøy, som har plukka godt med poeng i det siste. Siger over Lepsøy heime måndag kveld, medan Ørskog blei heldt til 2-2 i kampen før. eg tippar eit tett og jamt oppgjer som blir avgjort av det mest effektive laget i morgon. Kom og støtt oss kl 1845 på Haramsøy gras!

Jaggu godt vi hadde 27 mann på trening sist. Vi treng mellom anna målvakter. Les berre kva Emblem sin nettstad outzide.com har med i (sitt noko bitre) kampreferatet etter møtet mot HaNo sist:
"Det er også svært beskrivende for kampen at vi rekker å "slite" ut 2 sett med HaNo-keepere, der begge to bør havne på poengskalaen når bestemannsprisen skal deles ut. I utgangspunktet leverte vi en spillemessig god kamp, periodevis noe av det beste vi har prestert i år."

Emblem beskriv HaNo-tapet som uvirkelig, men kom heldigvis til hektene igjen og slo Norborg2 (med Henrik og Cato på laget) 3-1 på måndag. Der også Ørskog knuste Ravn 1-9 på Vatneeidet, og altså Harøy slo Lepsøy 4-2.



Lars Petter og Odd Einar i kamp mot Harøy i fjor i april.

1 kommentar:

Vegard sa...

Slite ut keeperane? Dei blei no ikkje sett på dei største prøvene.. Forsvaret stoppa dei no somregel på ei 20 meter?