tirsdag 6. juli 2010

Sommartreningane i gang!

Preben melde rom 9 mann på trening i går måndag. 5 av dei var forøvrig brødre:) Det å ha sommartreningar har nokre funksjonar:
- Ekstremt fine baner denne tida!
- Halde ved like forma når du likevel er heime i eit koseleg miljø;)
- Mange er heime heile denne perioden likevel

Desse treningane er for både herrelaget og gutelaget (og old boys for all del), så det er berre å kome! Trenarane har offisiell ferie no, så dei som møter opp arrangerer ein firkant i starten, og spelar den type fotball med mål som passar antallet som er der.

Måndagar kl 19 på Nordøy
Fredagar kl 1715 på Austnes

Ingen kommentarer: