tirsdag 14. juli 2009

Lite blogging

Sommartreningane går sin gang, og det skal vere folk som stiller med ballar kvar måndag kl 20 (Nordøy) og onsdag 1715 (Austnes) framover også. Forrige veke var det 14-15 begge øktene, i går 8 på Nordøy. God økt likevel. Even blei slått tunnel på i ei stadigheit ;)

Det blir nok ikkje voldsom aktivitet her på bloggen dei nærmaste par vekene, sidan det er argasste ferietida no. Men dei par nærmaste dagane vil det dukke opp litt statistikk for vårsesongen. Ein liten feriepoll ligg til høgre på sida, og det er fullstendig lovleg å legge att ei feriehelsing under "kommentarer" på ei eller anna av sakene som blir lagt inn. Ha ein framleis god sommar!

mvh
Odd Einar

Ingen kommentarer: