onsdag 28. januar 2009

Vi møter 3. divisjonslag igjen

Vestnes/Varfjell stadfester i ein epost at dei stiller frå start med sitt 3. divisjonslag i kampen mot oss på laurdag. Dei har også eit lag i 5. divisjon, og antyda i november at dei ville stille ei blanding mellom desse laga mot HaNo. Men dette er berre moro, syns eg. Å møte eit lag som har mange forsterkingar den siste tida, og satsar friskt i sitt comeback i 3. divisjon, er berre moro og inspirerande for oss. Høgt tempo på ei ganske god kunstgrasbane er god trening for oss den siste dagen i januar.

Ingen kommentarer: