lørdag 3. desember 2011

Positivt spelarmøte!


15 mann dukka opp på fredagens spelarmøte på ungdomskulen. Når i tillegg trenerane hadde fått 5-6 avbud på forhand må ein kunne seie at utgangspunktet for sesongen 2012 ser rett bra ut. Jan Egil Ulla og Alexander Ulla (bildet) var nye fjes frå ifjor og i tillegg jobbar klubben med fleire forsterkningar. Lars og Ivar informerte litt om neste sesong og kva treningsopplegg vi ser for oss i vinter. Etterpå deltok 17 mann på treninga i hallen. Vi fortsetter med fredagstreningar i hallen fram mot jul før vi startar opp for fullt med obligatoriske treningar 4 januar 2012.

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjempegreier! Vil også minne om at om folk vil ha seg ei økt til i veka før jul, so he det vør nokre sjele (10 stk sist) onsdaga kl 20. Alle old boys- , herre- og guttespelara velkommen!

Odd Einar