torsdag 8. desember 2011

12 grader, svartestilljå, fortid og framtid.

7. desember. Minus 1 på utetermometeret. Ho Berit og andre uvedkomande pregar veret siste tida. Skulle no ha trent. Snart romjulscup, seier han Mikke. Snart ny sesong.

13 mann på desember-trening. 13-åringen bryt eit framspel framfor mange-og-30-åringen. Fortid og framtid. 4 mann er fødd på 70-talet. 4 mann er fødd i 1998. Dei sistnemnde lærer oss gamle presise innsidepasningar og andre ballbingeferdigheiter.

12 grader, svartestilljå og tak over hovudet. Grønt plastgras. Så innbydande at vi mimrar om frøsa grusbane eller 3 vs 3 i ein trong gymsal.

Kan ikkje akkurat klage.

7 kommentarer:

Odd Einar sa...

Blei berre rett så poetisk etter treninga i går :)

Lars sa...

hehe.. Detta må kallast et kvalitetsinnlegg!! Lika engasjementet! :)

jan egil sa...

gla ej ikkje e født på 70 talet ihvertfall! Då e du gammal då....

Kenneth sa...

Ej so e fødd på 70-talet huska grusbanå ja. Han Stein Gisle tvikroka i vindkasta, såg konsekvent ikkje forskjell på han Lars og han Erik pga ta tjukke hue. Han Gjert Frode som kom brøytande over snøskavlane i t-skjorte og kortebrok, sjøl om det snøva sieveien. Eller då ei vindkule kom rondt Kanteraua og tok tak i eine storemålet og blæs det rett ned i haudet på han keeper-Inge. Eller alle dei tima so mej he brukt med traktor, hakke, rive, banning, salt, grus og alle mulige meir eller mindre håplause tiltak for å få grusbanå ber, slik at mej kunne spele treningskamp i med gjørme opp åt knea mot Norborg eller Løvsøyna, og heilt sikkert tape!

Nei sjølv ikkje oss so e fødd på 70-talet sakna grusbanå! Steik ka heldige dokke e dokke so e fødd på 90-talet, og he tusenvis ta treninga og hondrevis ta kampa framfor dokke. Og steik ka heldige dokke e dokke som fer alle vintertreningane dokka inne i Nordøyhallen!!! Peis anj å tren! Lykke tej:)

Odd Einar sa...

Burde vør mulig å trykke på liker her,Kenneth, merka ej :)

Jonas sa...

No fekk ej løst heimatt, merka ej!

Jan Egil sa...

Snørugby til oppvarming med Roy Longva og PO på laget, Ispiggskoa hass John Arne, frøsne traktorspor i banå, innlegg/stolpeløp i 1,5 time på årets siste trening me han Nedreskodje,bakhaudheadinga hass Michael til 3-2 på overtid mot Skodje i kval.kampen.

Mykje minne. Nåkre bedre enn andre :)