Blogg med kampref, terminlister og diverse unyttige og nyttige innlegg om HaNo FK herrer 2014.
tirsdag 26. mai 2009
United og LP favorittar?
Utan samanlikning forøvrig, kanskje, men United er favoritt i vår poll om CL-finalen i morgon. Ein ny favoritt blir kanskje LP, som putta heile fem gongar under del 1 av vår skåringskonkurranse på måndagstreninga. Den held fram onsdag, og siste del fredag. Viktige føresetnader for å kome til topps her, er å vere på treningane, og faktisk sette sjansane vi får. Det er god øving å ha litt meir press på seg enn vanleg skottrening. (Eller skåringsøving, som vi fekk beskjed om at det heiter på trenarsamlinga på Austnes forrige veke.) Vegard og Cato er nærmast med 3 nettkjenningar, i ein konkurranse der Henrik imponerte med fleire gode redningar i går. Kven vinn trur du? Ei avstemming ligg ute, med alternative namn på dei som har skåra to eller meir, samt at du kan stemme på "ein annan".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Skriv inn ein kommentar, om du har!