torsdag 17. mai 2012

HaNo-Giske torsdag 28.juni

Her er seks av dei startande mot Giske august 2010. Mange av desse blir vel
også å sjå i lagoppstillnga mot Giske juni 2012.

Det blei ikkje så lett å finne ein kjapp ny dato for HaNo-Giske. Den går torsdag 28.juni, tre dagar etter siste "runde" før sommarferien. Då blir faktisk Giske siste motstandar før ferien, og første etter sommarferien (13.august).

mandag 14. mai 2012

Trening mandag kl 1900 i NH

Treninga ikveld vert ester mykje fram og tilbake kl 1900 i NH.  Vil prøve å gjennomføre en internkamp dersom vi er nok folk.  Guttespelerar er velkomne.

tirsdag 8. mai 2012

Nordøy gras også denne veka

Det blir treninger på Nordøy gras onsdag og fredag kl 17:45 også denne veka. Laurdag er det 7-er heimekamp mot Hjørungavåg.

søndag 6. mai 2012

Logistikk Harøy-kampen

Håkon ut av troppa, Per Jarle og Stig Frode begge med i forhold til troppa som står under.

Båt kl 16.10 frå Ålesund, 1655 frå Austnes, ankomst 1725 Harøya.
Ferje kl 16.10 frå Brattvåg, set att bilane der.

Retur etter kampen med Øyprins, 20.45 frå Harøya. Går til Brattvågen først, så til Austnes.

Alle betaler si reise sjølv. 50 kr i eigenandelen på Øyprinsen.

Då er det berre å glede seg til kamp :)

fredag 4. mai 2012

Tropp til Harøy kampen

Følgandes stiller til kamp mot Harøy på mandag:
Henrik, Even, Preben, Cato, Per-Kristian, Michael, Robin, Olve, Håkon, Sindre, Alexander, Per Olav, Mads, Jan Egil, Odd Einar, Demir, Stig Frode?, Per Jarle?

Stig Frode og Per Jarle er usikre pga. skader.

Bortekamp måndag

Harøy stadion ventar måndag. Mørkeblåe HIL møter kvite HaNo-spelarar til toppkamp, dersom det heiter det etter tre rundar.  Dommar er Bjarte Steinsbu, og ei tropp blir vel offentleggjort i morgon på trening. Eg treng å vite følgjande med deg i morgon: Det er nokre alternativ med reising:

Til kamp reiser vi frå øya med hurtigbåt kl 1700 frå Austnes, Harøya kl 1725. (Kan ta frå Ålesund kl 1610 den same båten, Hamnsundet kl 1630)

Kampstart kl 18.30.

Retur blir med båt ca kl 2045 frå Harøya. Den kan også gå innom Brattvåg dersom det er ønskeleg. Då må i så fall dei bilreisande kome kl 1610 frå Brattvåg, som er kl 1700 på Harøya.

Så mitt spørsmål er: Korleis skal du reise? (Treng å vite det i forhold til antallet på båt osv) 

tirsdag 1. mai 2012

Treninger før Harøy kampen

Det blir treninger kl 17:45 på Nordøy gras både på onsdag og fredag denne veka. Mandag blir det bortekamp mot Harøy.

Aspøy stilte ikkje lag

Då har årets første avbud kome: Aspøy telefonerte til Harøya kl 15 i går og fortalde at dei ikkje greidde å stille lag til gårsdagens oppgjer fire timar seinare. Svært skuffande for Harøy sjølvsagt. Vi får berre håpe at karane frå ytre bydel sleit berre denne kampen, og er klar igjen til kamp resten av sesongen.

Dei to andre kampane enda uavgjort:
Ellingsøy-Langevåg2 3-3
Ravn-Giske 3-3

søndag 29. april 2012

Pauserunde

Medan vi trenar 17:45 i morgon på Nordøy, går 4. serierunde av stabelen om lag på same tid:

Ravn-Giske
Ellingsøy-Langevåg2
Harøy-Aspøy

Siste kamp har kanskje bytta heimebane..? Ser ut som at Aspøy spelar sine to heimekampar mot Harøy første seinare i sesongen. Dvs at Harøy spelte heime sist runde (slo Ravn 2-0), favorittmøter Aspøy i morgon heime, og tek tredje strake oppgjer på Harøy stadion neste måndag mot oss.

Ravn er også klare heimefavorittar mot Giske. To lag med gule drakter møtest på Nes satdion, der det skal bli spennande å sjå om heimelaget tek sine første poeng mot Langevåg2, som kanskje er sterkast heime..?

Ny treningsveke....

Starter med trening mandag kl 17:45 på Nordøy gras. Tirsdag skal dame- og herrelaget ha utover sand på Haramsøy gras, slik at vi får begynne å brukke denne bana også. Kjem tilbake med tidspunkt.